Skip to main content

Nedgang i forventa pensjoneringsalder og yrkesaktivitet

Forventa yrkesaktivitet er ein indikator for å måla lengda på yrkeskarrierer basert på yrkesaktiviteten i einskilde år. Ein 15-åring i 2010 kunne forventa ein yrkeskarriere tilsvarande 30,9 årsverk. Dette er noko lågare enn i 2008 og 2009, og skuldast auken i arbeidsløysa etter finanskrisa.

Forventa yrkesaktivitet er ein indikator for å måla lengda på yrkeskarrierer basert på yrkesaktiviteten i einskilde år. Ein 15-åring i 2010 kunne forventa ein yrkeskarriere tilsvarande 30,9 årsverk. Dette er noko lågare enn i 2008 og 2009, og skuldast auken i arbeidsløysa etter finanskrisa.

Medan yrkesaktiviteten totalt sett har gått noko ned, er dette ikkje tilfelle for eldre arbeidstakarar. I IA-avtala for perioden 2010-2013 er eit av måla at forventa yrkesaktivitet ved 50 år skal forlengjast med 6 månader frå 2009 til 2013.

Forventa yrkesaktivitet ved 50 år auka noko frå 2008 til 2009, og heldt seg uendra på 10,9 år frå 2009 til 2010. Vi må altså framleis ha ein auke på 0,5 år fram mot 2013 for å nå målet i IA-avtala. Yrkesaktiviteten etter 50 år er høgast i Akershus, med 12 år, og lågast i Finnmark og Østfold, med 9,7 og 9,8 år. Ettersom stadig fleire kombinerer arbeid og pensjon, er det ofte ikkje lenger samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. Vi utarbeider difor separate indikatorar for sysselsetjingsåtferda og pensjoneringsåtferda blant eldre. Forventa pensjoneringsalder gjer uttrykk for pensjoneringsåtferda, og indikatoren omfattar alderspensjon, varig uførepensjon og avtalefesta pensjon (AFP). Forventa pensjoneringsalder ved fylde 50 år i 2010 var 63,6 år. Dette er ein nedgang på 0,3 år frå 2009. Ettersom yrkesaktiviteten over 50 år har vore uendra i same periode, tyder dette på
at fleire arbeidde ved sidan av pensjonen i 2010 enn i 2009.

Forventa pensjoneringsalder ved fylte 18 år var 60,6 år i 2010. Dette utgjer ein nedgang med 1,5 år frå 2009. Den store nedgangen kjem hovudsakeleg av auka tilgang til uførepensjon, særleg i alder under 50 år. Tilgangen til uførepensjon i 2010 var om lag den same som i 2003, året før tidsavgrensa uførestønad vart innført.